Kajakksamlingar

Njord er kjende for å være glade i den gode stemninga, desse to samlingane er eit must å vere med på

God Tur sin Padlefestival, siste helga i mai

Sommaren kjem ikkje utan denne samlinga,det skjer på Langøy Kystkultursenter på Sotra. Her vert det kurs, workshops, mat og knallgod stemmning. Meir info finn du på God Tur sine nettsider.

Stormsamling  i Bulandet siste helga i september

Dette er den perfekte plassen til å avslutte padlesesongen. Askvoll Padleklubb har arrangøransvar for samlinga, ver merksam på at det er eit begrensa tal plassar. Det vert Grunnkurs og Teknikkkurs, roleg guida tur og mykje god surf. Inkludert i kurs og pass er middagen laurdag kveld i Floren til Liv Turid. Overnatting må du ordne sjølv, på nettsidene til Bulandet Grendalag er det oversikt over alle utleigehytter i Bulandet og Værlandet . Meir informasjon kjem utpå sommaren på Askvoll Padleklubb sine nettsider. send påmelding til stormsamling@gmail.com.

Legg gjerne igjen ein kommentar på Facebook og Twitter