Vår filosofi

Njord lever av å gje kundar rike opplevingar i vakker norsk natur, ved bruk av enkle verkemiddel. Kajakken er ein vakker og effektiv farkost, som gjer naturopplevingar og bringer oss nærare naturen og kulturminna på vegen.

Du vil raskt erfare at Njord AS vektlegg sikkerheit. Alle våre guider er sertifiserte ihht nasjonale og internasjonale standarder og må gjennom eit innhaldsrikt opplæringsprogram.

Utstyret vi nyttar held høg ein standard. Njord har siden 1999 bygd opp stor erfaring og ekspertise om guiding og lokal natur og kulturkunnskap. Vi samarbeidar tett med andre selskap som tilbyr klatring, havfiske og matopplevingar basert på lokale råvarer.

Vi er opptekne av å ta vare på naturen som er vår lekegrind. Sporlaus ferdsel og bærekraftig nytting av naturen står i høgsetet. Med det brukar vi få ressurser og etterlet berre spor i form av småbølger i vannet, ny kunnskap om landskapet som omgir oss, aktiviteten vi driv med – og gode opplevingar.

Namnet vårt har vi henta frå havets, vinden og ildens gud fra Norrøn mytologi. Vi garanterar nærkontakt med elementa og fantastiske naturopplevingar på alle arrangement. Vi er kjende for å skape god stemning og levere aktivitetar som gir utfordringer på alle nivå.