Vi har turar som varer frå to til ti dagar. Om du vert med på ein av Njord sine guida turar vil du garantert få ei oppleving som du aldri vil gløyme. Sjå her for dei siste kommentarane frå kundar
Våre turar er lagt tilrette slik at læring om kajakk, naturen, friluftsliv og historia til området vi padlar gjennom er ein vesentleg del av opplevinga. Sporlaus ferdsel er ein sjølvsagt del av turen og vi gjer vårt beste for å leve opp til vårt motto ”vi etterlet ikkje spor, berre krusningar i vatnet”.
Våre turar er av ein deltakande type, vi ferdast langs fjorden i doble kajakkar og er fullstendig sjølvberga, alt utstyr, mat og vatn er pakka i kajakkane, med dette er vi ikkje avhengige av ekstern støtte og reduserar utslepp til eit minimum. Vi forventar at alle deltakarar bidreg til at alle får ei god oppleving.
Alle våre langturar byrjar i Flåm og inkluderar:
- Transport attende til Flåm
- Frukost, lunsj og middag alle dager (ikkje frukost fyrste dagen og ikkje middag siste dagen)
- Rednings og sikkerheitskurs
- Våttkort “Introduksjonskurs” fra Norges Padleforbund (NPF) til ein verdi av 850 kroner
- Overnatting i telt (på forespørsel fra grupper kan vi ordne med innandørs overnatting)
- Alt nødvendig utstyr, unntatt liggeunderlag og sovepose
- Lokalkjend guide som er kvalifisert i henhald til Norges Padleforbund sine standarder. Alle våre guidar har godkjende fyrstehjelpskurs og har med seg kommunikasjonsutstyr, mobil eller VHF.
Turane:
Fjord Eventyret, todagers guida tur, på førespurnad frå grupper
Utforsk Nærøyfjorden, tredagers guida tur, faste avgangsdatoar og på førespurnad.
Fjord Fantasien, fem dagers guida tur, faste avgangsdatoar og på førespurnad.
Sognefjorden på langs, seks til ti dagers guida tur, faste avgangsdatoar og på førespurnad.




