Fjord Fantasien, fem dagers guida tur

Denne turen byrjar i Flåm, derifrå køyrer vi til  Solvorn i Lustrafjorden, den inste armen av Sognefjorden. På turen vil vi padle langs fire fjordar, alle er spektakulære! Frå den stille Lustrafjorden til den meir travel Sognefjorden kryssar vi over til UNESCO området der vi finn Aurlandsfjorden og vidare inn i Nærøyfjorden.

On  the way, going out the Lustrafjord

Endeleg på veg ut Lustrafjorden

På desse fem dagane vil vi besøkje Urnes stavkyrkje, den eldste i Noreg. Vi har ei overnatting på nordsida av Sognefjorden ved Kaupanger. Vi legg og inn ein fjelltur, mest truleg opp til fjellet Beitelen, forbi Stigen gard, med ei fantastisk utsikt over Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Going into the Nærøyfjord

På veg inn i Nærøyfjorden

Turen og opplegget vert tilrettelagt vêrmelding og gruppas ønskjer. Overnatting skjer i telt, og mat vert laga i det fri. Turen passar for alle, både heilt uerfarne og erfarne padlarar. Anbefalt minste alder er 11 år ifølgje med føresette. Ein erfaren guide vil vere med heile tida.

Vi padlar med fiskesnøre hengande etter oss, kanskje vi klarer å fange middagen? Medan vi reiser gjennom det dramatiske fjordlandskapet speidar vi og etter dyr, kanskje vi klarar å sjå oter, ørn, niser, sel, forhåpentlegvis alle.

Vi har sett opp nokre turar i sommar, Turane startar 09.30 på stranda i Flåm og avsluttar siste dagen ca 17.00 i Gudvangen.

View over Aurlandsfjord

Utsikt over Aurlandsfjord

Inkludert i prisen er:
– Erfaren guide
– Frukost, lunch og middag kvar dag (ikkje frukost dag ein og middag dag 5)
– Alt nødvendig utstyr (unntatt sovepose og liggeunderlag, dette kan leigast).
– Introduksjon til padling og teknikk.
– Sikkerhets og redningskurs.
– Våttkort «Introduksjonskurs» verdt 850 kroner.
– Fjelltur.
– Middag, frokost og lunsj alle dager (ikkje frukost fyrste dagen og ikkje middag siste dagen).
– Transport til Solvorn dag 1 og tilbake til Flåm på siste dag.

Klikk her for prisar:

Kontakt oss på mobil +47 913 26 628 eller send e-post til post@kajakk.com for meir informasjon.

Sjå her for våre planlagte turar som er opne for grupper og einkeltpersonar.

Om datoane ikkje passar så ta kontakt tidleg, kanskje vi kan tilpasse programmet etter dykkar ynskjer og behov?

On Sognefjord

På Sognefjorden

 

Quiet talk around the campfire

Stille prat rundt leirbålet

Camp along the Sognefjord

Leir langs Sognefjorden