Pakkliste for overnattingsturar

Anbefalt personleg utstyr på overnattingsturar.

Klede
Vi anbefaler å unngå bomull – spesielt når vi padlar, dette sidan bomull ikkje tørkar let når den er våt, dette gjer at det er ukomfortabelt og kaldt. Material som tørkar fort som polypropylene, tynn ull eller fleece vil halde deg varm og komfortabel. Tenk lag på lag.

Lag 1: Mot hud, let vekt og komfort, dette laget skal ta fuktigheit vekk frå huda, det kan nyttast som eit basislag under lag tre eller fungere aleine på ein varm dag. Korte armer eller lange.

Lag 2: Dette er varmelaget. Det er greitt å ha eit par valg for dette, der det eine valet er varmare enn det andre. Dette vil tillate deg å fjerne eller legge til klede alt etter aktivitetsnivå eller luft temperaturen. Fleece er bra som lag to, ull er supert.

Lag 3: Dette er din ytre beskyttelse mot vind og regn. Ei vasstett, pustande jakke & bukse, f.eks GoreTex er det naturlege valet for mange. Ei vanleg regnjakke fungerer og godt.

Husk, turen inkluderer våtdrakt & padlejakke om dette er nødvendig.

Du bør ta med:
• Kompakt sovepose i pakksekk (kan leigast med eit par vekers forvarsel)
• Therm-A-Rest eller liknande liggeunderlag (kan leigast)
• Solbriller & krem, husk høg factor!
• 1 varm fleece jakke eller ullgenser
• 1 regnjakke for bruk på land
• 1 regnbukse for bruk på land
• Lue for dei kalde dagane
• Caps for dei solfylte dagane
• 1 buksepar for bruk på land, kan vere bomull, men eit hurtigtørkande material er best
• 1 buksepar for padling, må vere hurtigtørkande
• 2 sett langt undertøy, bukse og top, helst ull
• 2 t-skjorter, helst hurtigtørkande, unngå bomull
• 2 par varme sokkar, helst ull, unngå bomull
• 1 shorts eller badedrakt for symjing
• 1 shorts som kan brukast medan du padlar eller i camp, hurtigtørkande
• 1 par sko som kan bli våte (sandalar eller crocs er OK)
• 1 par sko som haldast tørre for bruk på land
• 1 par hanskar og eit skjerf for camp & kveldsbruk
• Fjellsko om turen inkluderar fjelltur
• 1 liten ryggsekk om turen inkluderer fjelltur
• 1 personleg vassflaske
• Personlege effektar som tannbørste, tannkrem, såpe etc.
• 1 lite handkle, hurtigtørkande, unngå bomull
• Masse positive innstilling og eit stort smil

Du kan gjerne vurdere desse ekstra:
• Snacks (kjeks, sjokolade, energibars eller liknander)
• Sykkelhanskar for beskyttelse mot gnagsår
• Putetrekk (fylt opp med ei fleecejakke vert dette ei ypperleg pute)
• Kamera, du kan låne vasstette boksar til kompaktkamera med oss
• Myggspray
• Ei god bok
• Lommelykt eller hodelykt

Kva inkluderer turen:
• Telt (doble) + eit stort telt eller duk som vi bruker ved måltid eller pauser
• Tørrbag for personleg utstyr
• Alt av padleutstyr
• Førstehjelpsutstyr
• Alle måltid unntatt frukost fyrste dag og middag siste dag
• Alt koke og spise utstyr
• Såpe for oppvask
• Toalettpapir
• Fiskeutstyr (ikkje på alle turar)
• Gode historier og ein guide med eit smil 
• Tips til guide er ikkje inkludert

Flott om du ikkje tek med:
• Pute
• Koppar, tallerkar, bestikk
• Toalettpapir

Framfor alt, pakk lett, hugs at alt må passe inni ein liten kajakk

Vi ser fram til å dele dette eventyret med deg!

Velkommen til Flåm og Njord