Utforsk Nærøyfjorden, tre dagers guida tur

På denne guida tredagersturen får du alt! Heile Aurlandsfjorden i kajakk, ein fjelltur i de høge fjella ved munningen til Nærøyfjorden, to overnattingar i telt på idylliske leirplassar og, som en bonus til slutt, ein padletur inn Nærøyfjorden i det UNESCO-verna landskapet!

Med litt flaks ser vi både sel, nise, ørn og oter på vegen. Turen og opplegget vert tilrettelagt værmelding og gruppas ønskjer. Overnatting skjer i telt, og mat vert laga i det fri.

Grupper på fire eller fleire kan bestille ein tur med guide. Det er mogeleg for alle å vere med på ein av de planlagde turene våre.

Turen passar for alle, både heilt uerfarne og erfarne padlarar. Anbefalt minste alder er 12 år ifølgje med foresatte.

Vi har sett opp fleire turar i heile sommar, dei fleste går i helga frå fredag til søndag. Turane startar 09.30 på stranda i Flåm og avsluttar ca 17.00 i Gudvangen.

Inkludert i prisen er:
- Erfaren guide
- Alt nødvendig utstyr (unntatt sovepose og liggeunderlag).
- Introduksjon til padling og teknikk.
- Sikkerhets og redningskurs.
- Våttkort “Introduksjonskurs” verdt 850 kroner.
- Fjelltur.
- Middag, frokost og lunsj alle dager (ikkje frukost fyrste dagen og ikkje middag siste dagen).
- Transport tilbake til Flåm på siste dag.

Tre fantastiske dagar for 3190 kroner per person

Kontakt oss på mobil +47 913 26 628 eller send e-post til post@kajakk.com for meir informasjon.

Sjå her for våre planlagte turar som er opne for grupper og einkeltpersonar.

Utsikt over Nærøyfjorden