Samlingar

Njord er kjende for å være glade i den gode stemninga, vi har difor arrangert 3 årlige samlingar der vi deler padleglede. I 2012 samarbeidar vi igjen med andre om desse.

Vårslepp 20 – 22 april

Ein tidleg vårmorgon i Bulandet, kaffi på altanen utanfor hytta og rimfrost på bakken, sola kjem opp og varmar. Vi er definitivt klare for sesongens fyrste surfar og rolege turar. Njord stiller sjølvsagt opp når Askvoll Padleklubb tek ansvaret for Vårsleppet. Meir informasjon kjem utpå seinvinteren 2011. Følg med på Askvoll Padleklubb sine nettsider. Send påmelding til vaarslepp@gmail.com.

God Tur sin Padlefestival, 25 – 27 Mai

Sommaren kjem ikkje utan denne samlinga, i 2011 skjer det igjen på Langøy Kystkultursenter på Sotra. Her vert det kurs, workshops, mat og knallgod stemmning. Meir info finn du på God Tur sine nettsider.

Stormsamling 28 til 30 september i Bulandet

Dette er den perfekte plassen til å avslutte padlesesongen. I 2012 har igjen Askvoll Padleklubb tatt arrangøransvar for samlinga, ver merksam på at det er eit begrensa tal plassar. Det vert Grunnkurs og Teknikkkurs, roleg guida tur og mykje god surf. Inkludert i kurs og pass er middagen laurdag kveld i Floren til Liv Turid. Overnatting må du ordne sjølv, på nettsidene til Bulandet Grendalag er det oversikt over alle utleigehytter i Bulandet og Værlandet . Meir informasjon kjem utpå sommaren 2012 på Askvoll Padleklubb sine nettsider. send påmelding til stormsamling@gmail.com.

Legg gjerne igjen ein kommentar på Facebook og Twitter