Oppdag Aurlandsfjorden (8 timar)

På denne turen ynskjer vi å vise fram Aurlandsfjorden frå sine to beste sider, frå sjøen og frå fjellet. 

Vi padlar frå Flåm ut fjorden, rundt oss er dei mektige fjella og fossefall som stupar frå lodrette fjellsider, om vi er heldige ser vi ørn, oter, sel eller niser på vegen.

Turen varar åtte til ti timar og inkluderar padling og fjelltur til ein av toppane som omgjer oss.  Vel oppe på fjellet har vi ein picnic lunsj, basert på lokale råvarer, med ei fantastisk utsikt. Vi avsluttar turen i Undredal og vert transportert attende til Flåm. Alt padleutstyr, mat og transport er inkludert i prisen.

Alt du treng å ta med er varme klede, regnklede, fjellstøvlar/sko, ein liten ryggsekk eit stort smil og positiv haldning. Om du har meir utstyr kan du legge dette att på basen vår.

Turen vil byrje klokka 08.30 på stranda i Flåm og vil vere avslutta klokka 17.30 i Flåm. V arrangerar denne turen for grupper over fire personar. Ta kontakt for meir informasjon.

Oppdag Aurlandsfjorden: Klikk her for prisar:

Booking per e-post til post@kajakk.com eller ring oss på mobil +47 913 26 628